i natt drøymte eg om flodhestar

I dag reiser me til Kruger National Park, nord i Sør-Afrika, for å oppleva ORDENTLIG safari! Me skal sova ute i telt/små hytter, gå på kveldstur og sjå dyrene som jaktar, og køyra turar på morgonen medan sola står opp.

Me kjem til å sjå løver, elefantar, leopardar, giraffar, gepardar, afrikanske kalkunar (veldig stilige dyr), nashorn, bøflar og FLODHESTAR!!







Alle andre dyr kan berre gå å legga seg i forhold - flodhestar er det kulaste som finns. 

Etter fire dagar på safari går turen heim frå Johannesburg. Det skal bli godt å koma heim, men eg kjenner at eg ikkje har lyst å reisa heeeilt enno. No når eventyret snart er over er den bloggen her snart over. Tusen takk for fine tilbakemeldingar frå vener, familie og veners familie :) 

God tur! Jo, tusen takk. 




drømmedagen

Når ein får tilbud om å besøka verdas finaste vetle sjokoladefabrikk seie ein ikkje nei. Når ein i tillegg får laga sjokolade og smaka på alt ein vil, kan det henda ein hoppe opp og ned og klappe i hendene, det gjorde i alle fall eg.

Onsdag var drømmedagen, rett og slett. Me kom til lokalet, lite og koselig, der me møtte sjokolademakaren sjølv, og to tilsette. Utanom oss var det tre kursdeltakarar, så det var lite nok til at me kunne prata og kosa oss og bli godt kjend med dei som jobba der. 

Fyrst fekk me ein liten rundtur og mykje spennande informasjon om sjokolade generelt, og fabrikken, og etterkvart bevegde me oss bort mot arbeidsbenkane der me knuste kakaobønner, moste det til kakaomasse og lagde trøflar. Me smakte og åt heeeile kvelden, og skylte ned med vin. Det er ikkje ofte eg smiler SÅ lenge i strekk! 

































herlig dag, rett og slett!

http://www.cocoafair.com/

 




siste skift

I går
22.27: Herregud eg er trøytt - det er ikkje meir å gjera før eg må legga meg - alle andre søve, eg må vera stille - eg skal opp tidlig og trenge energien - eg må sova, no.
22.30: Jo fortare eg sovne, jo fortare vakne eg og går ned til ungane.
22.31: Jo fortare eg sovne, jo fortare vakne eg og må sei hadebra.
22.35: Tenk på noko anna, tenk på noko anna, tenk på noko anna, ikkje få panikk, tenk på noko anna. 

I dag
09.30: Tomt.




Eg takle hadebra ordentlig dårlig, tårene rann nesten heile morgonen og då me kom oss inn i bilen bretta eg meg dobbelt. Det er berre trist og vanskelig, og sjølv om eg har ein million fine minner og gode opplevingar er det vanskelig å tenka på det når to blanke, brune auge ser på deg, og hjertebarnet spør KVIFOR må du reisa, og kjem du ikkje tilbake?

 

Eg sakne dei allereie! Det er veldig trist og leit no, men det vert betre. Det gjer alltid det.




roadtrip på feil side av vegen (og på feil veg)

I går klemte me oss inn i ein bil og køyrte. Seks jenter; Ingrid B, Jeanette, Malene, Vilde, Ingrid F og meg leigde bil og tok med lunsj, med kurs mot det sydligste punktet i afrika!

Tidligare spurte ein gut i huset om kor me skulle, og ein annan gut forklarte "It's called Cape Aghulas. NO ONE goes there"...... Me køyrte i ein evighet på denne vegen:

 

Me møtte to bilar på lika mange timar, såg mange struts (i tillegg til litt kjedeligare dyr; kyr, sau, hest) og ein slange. Elles var det grus, grus, grus. Det var som frå ein film, ekstremt aude med berre vegen framfor oss, men såå fint!













Vilde brukte lunsjpausen til å kasta stein. "Jeg bare prøvde med en stein, så ble jeg hekta!" Ho er ganske flink til å kasta stein. 





Her er me! Me kom oss fram til tuppen, sjølv om det tok lenger tid enn me hadde trudd. Åh, så fint det er her! Skulle ønska eg kunne sett alt, det er så vakkert. Det blir nok OK å reisa til Krugerparken neste veka!




hadebra-angst

and all of the world
is for children who play
days that never end
always should remain

just another perfect day.



Det er vondt å pakka kofferten, det er vondt å printa dei siste bileta til ungane og det er vondt å tenka på at i morgo er den tredje siste dagen med dei 23 som har kapra hjarta mitt. 




elleve dagar

elleve dagar har det gått sidan sist eg gav livsteikn frå meg her inne. 

Eg skulle ønska det var fordi eg har vore travelt opptatt med afrikaeventyr heilt sidan 14.oktober, men...

Altså. Me var på skift, koste oss i finver (og litt regn) og så kom me heimatt og reiste rett på handlesenteret for å finna sko og litt smått til ungane. Det var omtrent det einaste eg rakk før eg måtte legga meg ned, og bli nede. Eg låg i senga, på sofaen, på kjøkkenbordet og på badegolvet heilt til eg greidde å psyka meg opp til ein ny legetime. IGJEN var det min kropp som ikkje greidde å rista av seg ein sånn "forbigåande" sjukdom som alle andre blir kvitt etter 24 timar, og no har eg knaska piller på størrelse med kakkerlakkar i eit par dagar.

No har eg det fint, då!

Som sagt så var me jo på jobb, og det er alltid morsomt. Nokon av dei mellomstore gutane (5-6 år) og eg har mange kjekke samtalar, det er som om dei ser meg som ein av dei og ikkje ein av dei vaksne, av og til.

"Did you know B kissed A like this" eg ELSKE det! 

I dag reiste Malene, Jeanette, Ingrid (ikkje Bakke, men ei ny, haha, me er fira Ingridar i huset no) og eg til Long Street i sentrum, og slo i hel eit par timar på Green Market Square! Det er Marknaden med stor M, der alle turistar er innom i løpet av oppholdet sitt. Me segla på ei bølge av "for you I will cut the price... Special price for Norwegian girls.. Tell me what would you like to pay... Half price today.." men til tross for maset koste me oss og fekk brukt litt pengar der òg. Det er jo dét som betyr noko.



Og så fekk eg med meg dei andre på apoteket, så eg kunne kjøpa den her!



Hurra! (Kulen under genseren er ikkje ein baby, men afrikamagen min..)

Som sagt var me på kjøpesenteret. Me har handla til ungane, igjen, denne gongen fann me
- sko til alle
- tåteflasker til dei yngste og drikkeflasker/termosar til alle andre
- sokkar, sokkar og sokkar
- Lion King på DVD (når traileren for den filmen kjem på tv går ungane bananas, så det var eit enkelt val)
- iPodhøgtalar - slik at me, og framtidige frivillige kan spela allslags musikk til ungane når me er der, for cdar har ekstremt kort levetid på Masigcine...
 
Det var gjerne noko meir, men hukommelsen er ikkje heilt på plass i kveld.

Hukommelse eller ei, i morgo skal eg på Kings of Leon (men kor er haugen med billettar som eg har "kontroll" over?) og DÉT blir fint, det! Herregud!




we should all be oh oh oh alive






rocky the rockhopper penguin

AVIVA sender frivillige til fleire prosjekt enn barneheimen vår, og Sanccob er eitt av dei. Det er, kort fortalt, ein fuglerehab! Skadde sjøfuglar vert tekne i mot her, får medisinar og oppfølging og vert forhåpentligvis slept ut att etter kort tid. 

I dag fekk me omvising der i matpausen til superhelten Tom! 

Foreksempel møtte me pingvinen Rocky, som er maskoten til Sanccob. Ho gjer stort sett som ho vil, og gjer klar beskjed om det er noko som plagar ho! Som foreksempel meg:





Men ho er fin då! Det er Tom og!











Pingvinar er kule dyr! 




skift#9

9 skift = 27 frukostar, lunsjar, middagar. 54 nyvakna stunder, på tide å legga seg-stunder og eg vil slett ikkje sova-anfall. Utallige bleieskift, snørrtørk, handvask, plastring, naughtystep-plasseringar og uffdå, det såg ikkje godt ut-kosar.

Korleis kan alt det gå så vanvittig fort?

Eg kan i grunn forstå det mødre seier om at tida går så fort. Det her er ikkje mine barn, men eg er så glad i dei alle og syns det er ekkelt kor fort tida spring frå oss.

9 skift, det betyr at me berre har fire igjen. Fire!!! Det er 12 frukostar, det. Korleis kan eg vera trygg på at det me har gjort i det heile har hendt, når det forsvinn mellom fingrane mine før eg har heilt fått tak på det?

Og betyr det noko? Og korleis kan eg vera sikker på at barna VEIT at eg bryr meg om dei, når eg reiser frå dei, enno ein gong?

Eg har så lyst at nokon skal ta meg i skuldrene og snu meg rundt, og sei

"Det kjem til å gå bra med dei alle saman.".

Eg vil veta at alle 23 englane, superheltane, prinsane og prinsessene mine har ein varm, trygg og riktig familie som kvar augneblunk står ved porten for å ta dei med heim til eit rom som berre er deira, til eit hus med hage, til eit liv der veka har rutiner og helga er ein fest.

Det finns ingen som seier det.

Fleire av barna har fosterfamiliar, eller medlem av sin biologiske familie som tek dei med på tur eller avlastingshelg, og for nokre finns det sakspapir som omhandlar adopsjon. Eg klamrar meg til håpet om at det skjer alle, at det skjer fort, at tida på barneheimen berre vert ein liten del av barndommen.

Det er jo dette eg har valgt, det er dette eg vil med livet mitt; eg vil gjera det eg kan for at utsatte barn skal få det betre. Så klart vil det gjera vondt til tider, og kanskje eg ikkje er god nok.

Men igjen, det er ingenting eg har meir lyst til å gjera med livet mitt, og det eg veit er dette; du må brenna for det du gjer, elles vert det aldri bra nok. 





Jeanette og sjokoladefabrikken

Det var laurdag, me hadde fri, og Jeanette og eg er a-menneske 

(det protestere kanskje mamma på, men det er sant).

Me tok taxi til Observatory og The Old Bisquit Mill! Marknaden var full, og me kikka på alt som var; klede, vesker, barneavdeling, fotobutikk, mat, mat og mat. Eg elske den plassen! Dagen toppa seg då me fann ein sjokoladefabrikk! For det fyrste fekk me smaksprøvar, for det andre var sjokoladen heimelaga, økologisk og OK billig, og for det tredje skal me tilbake og LAGA VÅR EIGEN SJOKOLADE.











HIMMELEN! Resten av marknaden var magisk, sjølvsagt. Me smakte på alt (ALT) og tok minst tre rundar gjennom matdelen før det stengte. Finfin dag med finefine Jeanette <3 















Den byen her er så bra, og eg føler meg så heime her! Men når det er sagt, så sakne eg alle der heima... Håpar alle hadde ein like fin laurdag som eg! No er det ein ny dag, og Jeanette SULTER I HEL så me får laga frukost. A-menneske, vøtt.




pizza, sofa og 30°C

På tysdag kom sofaen me har kjøpt. Ein stor varebil køyrte opp framfor barneheimen, og me tok med oss både ansatte og barn ut for å sjå kva det var. Damene jubla og takka og takka og takka, og barna SKREIK og invaderte sofaen så snart den var på bakken. (Kor mange barn trur du får plass til i ein toseter?)

Tidligare på dagen fekk me alle leikene levert, så det var nok å finne på. Nokre leiker slo godt an, andre slo FOR godt an og nokre var ikkje sterke nok til å overleve den fyrste dagen.

På onsdag morgon sette me i gang eit pizzabakeprosjekt! Det hadde me gledd oss veldig til, og med planar om å lage ein liten pizza til kvar unge måtte me setja i gang tidlig. Ingrid B var kjøkkensjef for anledningen, og koste seg i sju timar på kjøkkenet! Ho fekk hjelp av oss andre, såklart, men det er ingen tvil om kven som var bakemester.



Jeanette og Ingrid i aksjon



resultat!



Alle ungane laga sin eigen - med tomatsaus og ulik topping. Suksess! 

Det er varmt her no, dei siste dagane på jobb har det vore rund 25°C. Det ryktes at gradene skal stiga opp til 30, og det er etter mi meining FOR varmt når ein er med ungar heile dagen. På onsdag gjekk me til parken:









Og, ja, det er varmt her i afrika! Jeanette sat og kikka på gutane (berre dei under 12, ingen fare) og sveitta litt:



Tilslutt fekk alle ungane sine eigne teiknebøker! Det er kanskje ikkje mykje, men det er veldig stas å ha noko som er BERRE ditt når ein må dele på alt anna.



Stor stas, sjølv for dei minste! Og så fekk me snop



<3 e-stoffer <3

No har me ikkje mange skift att på Masigcine, og eg gruer meg veldig til å reise. Eg merker at eg har valgt riktig utdanning, og at det her gjer meg så mykje! Det er nok ikkje alle som kan jobbe med barn, men for min del er det like mykje leik som arbeid. Det er eit godt teikn, er det ikkje? Ein liten bakdel er at eg blir så babysjuk at eg nesten får feber, men det må eg berre takla... Eit par år til, i alle fall.




Table View

nabolaget:















Janssen - det er gata vår!




money well spent

Ved hjelp av facebook-aksjonen vår har me greidd å samle inn over 9000 kroner til Masigcine. 9000! Det er heilt fantastisk, og me er så enormt takksame for alle som har bidratt. De er så gode, alle sammen! Innsamlinga kjem til å gå heilt fram til me reiser i november, så om nokon fortsatt vil overføra pengar til oss er de veldig, veldig velkomne til å gjera det! Trykk HER for å koma til aksjonen. 

I dag tok me turen ut til Canal Walk igjen, med eit stort håp om å finne i alle fall noko av det me har lyst å kjøpa til ungane. Gleden var stor då me etter fire minutter fann den perfekte sofaen, med krakk/puff! Den måtte sjølvsagt testast



Absolutt godkjend! Eg har nesten aldri følt meg så vaksen som då me signerte kontrakt og avtalte frakt og så vidare. Det her blir bra!

Men me har mykje pengar, og mange idear. Me tok ein god runde på Toys R Us





Men ikkje alt var like moro.. Me fekk panikkanfall og kasta nesten opp då Ingrid B kom springande frå ei hyllerad medan ho banna og steikte og viste oss desse:



!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Det der er IKKJE greitt! Det ser ut som nokon har lagt igjen babyane sine i plastboksar i butikken! Eg skal spara deko for nærbilete, men dei såg så ekte ut at det var vanskelig å pusta. Me tiltrakk oss OK mengde merksemd der me stod. Og det som er verst, er at du kan bestilla ein baby akkurat slik du vil ha den! 



!!!!!!!!!!!!!! 



No spora eg litt av. Poenget med blogginnlegget var å seia TUSEN TUSEN TAKK til alle som bidreg med pengar til oss. Me har fått kjøpt inn sofa til barneheimen, ein haug med gode, solide leiker og litt apotekvarer - og enno har me mykje pengar att! Det me ser for oss å bruka pengar på framover er turnmatter, sko, kjøkkenutstyr, bleier, mat, mat og mat... Tenk at så mange "små" 50, 100, 500-lappar blir ein så stor sum og gjer ein så stor forskjell - DET kjennes bra, gjer det ikkje?




jobb, jobb, jobb

På torsdag bar det ut til Mfuleni (townshipen) att, sekkane var fulle av mat og drikke og me var gira på eit nytt skift. Me hadde store planar om å få gjort skulearbeid der ute, og heldigvis greidde me å gjennomføre to gode intervju, og har no komme oss eit godt stykke vidare i prosjektet vårt :)

 Skiftet gjekk fort, ungane leikte så godt i lag og me koste oss ute kvar dag. Me var to turar i parken, dei store gutane var på fotballtrening og me teikna mykje, samt presenterte nokre nye dvdar me har kjøpt for litt av pengane me har samla inn:





Tusen takk til alle som hjelper oss!

Elles koste eg meg litt ekstra - eg fekk nemlig leika fotograf og ta bilete av alle ungane! Me skal laga nye lister over namn og bursdagar, ettersom ungar kjem og reiser heile året er det viktig at nokon tar jobben med å oppdatere oversiktene som heng rundt om kring. I tillegg er det ikkje mange bilete på veggane her, og eg tenkte det ville vera kjekt for både barn og vaksne å ha det! Gler meg i alle fall veldig til å få det ut på papir :)

På torsdag skjedde noko som skjer alt for ofte; straumen gjekk. Her er systemet annleis enn i Noreg, ein kjøper elektrisitet på førehand, tastar inn ein kode på sikringsskapet og så må ein fylla på att når det er tomt. Omtrent som eit norsk kontantkort! Om ein ikkje fyller på nok forsvinn straumen raskt, og det er det som skjer her stadig vekk. Fleire gonger har me opplevd at straumen er borte heile dagen, og det går ut over oss alle: barna får ikkje mat (varmmat til alle måltid), me får ikkje mat, ikkje noko varmtvatn (ergo ingen bading), ikkje straum på verken fjernsyn eller cd-spelar (det TRENG me om veret er dårleg og alle ungane er inne) og når straumen er vekke såpass lenge rekk maten i kjøleskapet å bli dårlig. Eit veldig stort irritasjonsmoment hjå både oss frivillige og dei ansatte, med andre ord! Heldigvis var det berre frå ettermiddagen den fyrste dagen til føremiddag dagen etter, men når det har gått 16 timar frå forrige måltid er det klart at små ungar vert grinete og dårlige.

Men nok om det. Som sagt gjekk skiftet fort, og det fordi me koste oss mykje! :)

 

gjerdet på Masigcine - bra nok for å halda ute eventuelle nysgjerrige



den eine parken! 
 


Malene på tur
 

Sprek! Eg klarte lengst!



Bæsjepause



Olga! Åååå, for ei fantastisk dame!



<3



muren utanfor barneheimen



drillpiker som øver i bilvegen, moro moro



brann i ein annan Township.. Det skumle her er at det er for trangt for brannbilar å koma mellom alle skura, så når det fyrst byrjar brenne tek det knekken på mange heimar på ein gong, og det er heimane til dei som har aller minst frå før av.




plutselig går dagane så fort

I går tok eg mi siste pilla for ei stund. Eg prøvde tre ulike før eg faktisk vart frisk, og sjukedagane har vore ordentlig KJIPE. Det hjelper litt at me har vore tre sjuke på ein gong, men eg følte meg skikkelig hjelpalaus då eg måtte bli heima frå arbeid på barneheimen... Men, nok syting, no er eg frisk!

Hurra!

Etter resten kom heim frå skift har tida gått fort. På sundag reiste me hit:

 

Camps Bay

For fyrste gong i år har eg gått i bikini!!

I går reiste Jeanette og Ingrid for å bli sjøsjuke og bada med kvithaiar, men deeeeet freista ikkje så voldsomt for min del. Mari, Malene og eg tok ein liten tur til Afrikas største kjøpesenter i staden. Når ein har vore sjuk lenge er det lov, nemlig...

 



Då eg kjøpte desse vart selgaren så glad at han inviterte meg på middag. 

Men i går var i går, og i dag er i dag, og Malene er endelig 21! Dette er Malene:



Malene er ei av dei finaste jentene som finns! Både utenpå og inni. Ho er alltid, alltid i godt humør, og ein ekte JA-person! Ho er aldri vanskelig å ha med å gjera, og ho veit kva ho vil. Dessutan er ho utrulig morsom, men ho veit det ikkje sjølv. Foreksempel elskar eg når ho skal fortelje noko, ho bruker år og dag på å koma til poenget (viss det finns), og ho har berre ein morsom måte å fortelja på. Ho har aldri dårlig tid, for å sei det sånn. Me hugsar godt den dagen ho brukte... var det ein time?... på å steike to egg. Åååh, eg er så glad i gode Malene mi! Det veit eg og at ungane på barneheimen er, for ho har ein heilt naturlig måte å vera med ungar på - og sidan ho er så aktiv av seg er ho veldig populær... Eg er nesten misunnelig. Og sjå på ho då, fine jento!

Etter Malene hadde bestått ildprøven det er å bli 21, drog me oss heeeeilt opp på toppen av Table Mountain for bursdagslunsj! På Table Mountain er det fint:

 







Den her fuglen steppa litt







Det er jo meg!



Eg kan ikkje sei eg veit kva det her er.

Dagen gjekk alt for fort, som alle andre dagar, og me rokk ikkje feira heilt ferdig. Men til helga, folkens! Då! 

Eg håpar alle har det fint heime, i morgon reiser me ut på jobb att, og eg gler meg sånn :)